Oppdraget forholder seg til det forslag til plan som ble sendt på intern høring i perioden juli til oktober. Aurland Naturverkstad oppsummerer sin vurdering slik:
Det er gjort ei vurdering av Regional plan for Hardangervidda, 2011-2025, slik planen låg føre i drøftingsutkast datert 13.07.2010, dvs. før endeleg handsaming i Styringsgruppa for regional planen. Det er gjort ein analyse av i kva grad løysingane i planforslaget svarar på Fylkeskommunane sitt oppdrag og fyller målsettingane slik Miljøverndepartementet har formulert det i oppdragsbrevet datert 12. 04.2007. I tillegg er det vurdert i kva grad planprosjektet sine eigne delmål knytt til villrein, lokalsamfunns- og næringsutvikling, friluftsliv og naturbasert næringsliv er handsama på ein tenleg måte i planen.
Hovudkonklusjonen er at framlegget til regional plan har sett av eit tilstrekkeleg stort område for å sikre leveområde for villrein, og inneheld føringar og retningsliner som er eigna til å ivareta langsiktige, gode livsvilkår for villrein. Tema friluftsliv, naturbasert næringsutvikling og lokalsamfunnsutvikling er mindre synlege i planen, men planen set rammer der desse kan få ei vidare utvikling i eigne kommunale prosessar. Det har vore ein omfattande planprosess med stor grad av medverknad frå dei involverte kommunane. Planen er ein førstegenerasjonsplan. For å oppnå alle framsette mål vil ein trenge vidareutvikling og rullering på bakgrunn av auka kunnskap om området og dei ulike forvaltningstema sine ynskje og behov.
|